mandag 14. februar 2011

CI er fantastisk...kjedeleg

Eg konstaterer at det er meir enn eitt år sidan førre innlegg. Dette understrekar fleire ting. Fyrst og fremst at kvardagssituasjonen min ikkje gjev rom for blogging, og at eg prioritetar andre ting som til dømes oppdraging av den neste generasjonen (eller min son om du vil). Eg har forstått det slik at det å nytte ansvar for små barn som grunngjeving for både det eine (til dømes fråvær av blogging) og det andre (til dømes å nytte bil som pendlingsfarkost) er den mest legitime grunngjevinga som finst no til dags.

Det likevel to andre grunnleggande årsaker til kvifor det ikkje har vorte noko meir blogging:

1. Den fyrste årsaka kan best forklarast med å nytte Den norske Nationalforening mot Tuberkulosen som døme. Denne organisasjonen vart stifta i 1910, og ein får ingen premie for å gisse at kampen mot tuberkulose stod høgt på agendaen her. Etter 2.verdskrig var denne sjukdomen så og seie utrydda i Noreg. Dermed var grunnlaget for organisasjonen mot tuberkulosen ikkje lenger stades. I staden for å legge ned organisasjonen fann ein ut at ein kunne omdefinere organisasjonen sitt siktemål. Jamvel om tuberkulose er utrydda så vil jo Nordmenn alltid ha (problem med) helse! Dermed vart organisasjonen omdøypt til Nasjonalforeningen for folkehelsen. Her er det på sin plass å kome i hug Frank Aarebrot si oppsummering av forelesinga der han tok opp det overnemnte døme: organisasjonar er i motsetnad til individ mindre tilbøyeleg til å begå sjølvmord.

Denne omdefineringa ala Den Norske Nationalforening mot Tuberkulosen har altså Cyborgaren ikkje gjort. Eg kunne ha omdefinert bloggen til å gjelde generelle tankar og idear knytt til nye kybernetiske livsformer, teknologi osv. Eg kunne byrja å skrive om kva eg hadde på skiva til frukost (ei skive med blåbærsyltetøy og ei skive med servelat), eg kunne skrive om politikk (vil Noreg nokon gang verte medlem av EU?) men eg har valt å ikkje gjere. Eg nyttar i denne samanheng den mest legitime fråværsgrunngjevinga i dagens samfunn (sjå ovanfor).

2. Den andre årsaka til fråvær av blogging er at CIen rett og slett fungerer som den skal. Eg høyrer uendeleg mykje betre enn eg gjorde før operasjonen. Men eg har (nesten) slutta å late meg fascinere over teknologien og nye lydar. Eg må ikkje klype meg i armen for å finne ut om dette er draum eller røyndom (kven er det som gjer det eigentleg?). Visst er det mykje "styr" med CI, batteri som skal ladast kvar einaste dag, apparat som skal reinast kvar sjuande dag, men alt dette er rutineprega styr som ein lett finn ei god rytme på. Det er framleis vanskeleg å høyre kva som verte sagt i festlege lag, det er slitsamt å delta på konferansar med lite tilrettelegging for folk med nedsett høyrsel.

Kort og godt: Eg er framleis tunghøyrt, men eg er langt mindre tunghøyrt enn det eg ein gong var.

Det blir vonleg lenge igjen til neste innlegg på denne bloggen.

Ha ei framifrå tid framover!

onsdag 27. januar 2010

Reisebrev frå Drammen II

Konferansen i Drammen var interessant frå eit brukarperspektiv, og det var også interessant å høyre litt om utfordringane som audiopedagogar og andre møter i tilrettelegginga av undervisning for hørselshemma elevar. På den eine sida har me dei situasjonane der det å tilretteleggje for ein einskild elev kan få store konsekvensar for skulen. Det vart fortalt om ein episode der eit flunkande nytt bygg ikkje var tilrettelagt for hørselshemma, og dersom det skulle tilretteleggjast so kunne ikkje det nye bygget verte teken i bruk. På den andre sida vart det fortalt om episodar der det vart tilrettelagt, men der brukaren (den hørselshemma) ikkje vil nytte seg av hjelpemidlane (teleslynge, mikrofonar osv) på grunn av at det kan stigmatisere eleven.

Mitt innlegg krinsa mest om dei erfaringane eg hadde gjort meg frå barneskulen og fram til i dag. Ein hypotese som eg jobba ut i frå var at kanskje den tidlege introduksjonen av teknikk leia til ei slags "naturleggjering" av mitt handikapp. Med andre ord den fyrste stigmatiseringa leia til ei slags de-stigmatisering for resten av skulegangen.

Ettersom eg høyrer inn under kategorien samfunnsvitar, er det inga overrasking at eg i mitt innlegg fokuserte på dei meir sosiale aspekta ved det å vere tunghøyrt framføre den tekniske biten. Som nemnt i førre bloggpost so kom eg opp med ein fire-felts-tabell. Når samfunnsvitarar kjem opp med slike tabellar skal ein alltid vere på vakt. Og denne tabellen er heller ikkje noko unntak.















Innovervendt Utovervendt
Låg sosial kapital Kan ikkje Terje Vigen vil ikkje framføre Kan ikkje Terje Vigen framfører likevel
Høg sosial kapital Kan Terje Vigen vil ikkje framføre Kan Terje Vigen framfører

Denne modellen er ei grov forenkling av kva det vil seie å vere eit menneske. At modellen er ei grov forenkling vil vil vonleg figurere på topp 20 for årets understatement. På same måte som eit kart ikkje kan ta inn alle detaljar ved eit landskap kan heller ikkje modellen fange opp alle eigenskapane ved eit menneske. Målet med modellen var derfor å kunnne gje audiopedagogar og andre som syslar med hørselshemma elevar noko å tenkje på når det gjaldt tilpassing av undervisning. Modellen skil altso mellom på den eine sida, høg og låg sosial kapital, og på den andre sida innovervendte og utovervendte mennesker. Her har eg teke utgangspunkt i om ein kan diktet Terje Vigen utanboks eller ikkje, og kor vidt ein er villeg til å framføre diktet framføre klassa eller ikkje.

Hovudpoenget med tabellen var å problematisere bruken av teknikk i ein undervisningssamanheng. Litt av debatten på konferansen handla som nemnt om problemet med at ein del elevar ikkje ynskjer at det skal nyttast so mykje teknikk fordi det er sjenerande for eleven og fører til eit stigma for vedkommande.

Konklusjonen min var og er at teknikk er naudsynt men ikkje tilstrekkeleg for å lukkast i skulelivet. Til dømes so er storleiken på ei klasse etter mi meining meir avgjerande for kor vidt ein hørselshemma elev vil lukkast i utdanninga si. Ei lita klasse kan også gjere det enklare for dei elevane som kanskje er litt innovervendte og kanskje slit litt med å la seg nyttegjere av moglegheitene som (potensielt stigmatiserande) teknikken inneber.

Det heiter seg at den nye retninga i dagens feminisme tilseier at: det som er bra for alle er også bra for kvinner. Det er nok ikkje alltid at dette også er bra for hørselshemma elevar. Men det som er bra for hørselshemma elevar er i mange tilfelle også bra for resten av klassa. Tenk berre på kor mykje betre lydkvaliteten vert i eit klasserom som er tilrettelagt for ein hørselshemma elev. Kombinerer du det med ei relativt lita klasse (sei om lag 10-15 elevar) kan det vidare skape grobotn for riktig so god læring.

onsdag 13. januar 2010

Reisebrev frå Drammen

Fyrste dagen av konferansen "Med lyd og lyst" er over. Det er særs interessant å vere med på ein konferanse om eit tema ein på det personlege planet kjenner ekstremt godt. Har til og med kome opp med ein fire-felts-tabell som eg trur kan fungere fint som ein oppsummering av utfordringar ein møter på i tilrettelegging av undervisning for tunghørte.

Framhald fylgjer.

tirsdag 12. januar 2010

"Med lyd og lyst"

Skal halde eit innlegg på konferansen "Med lyd og lyst" fyrstkommande torsdag. Kjem hovudsakleg til å fokusere på mine erfaringar frå grunnskulen og fram til dag som til dømes bruk av teleslynge i undervisning. Det blir også nokre tankar og digresjonar knytt til høyrselshemming og identitet.

Skal sjå om eg ikkje skal få lagt ut nokre ljosark her på bloggen etterkvart.

mandag 21. desember 2009

Ein kvardag med CI

Hadde ny justering av programvaren førre veke. Me heva volumet noko og senka terskelen litt (sjå tidlegare postar for ei forklaring på dette). Alt i alt er det no meir tale om finjustering, og ikkje den grove justeringa som me dreiv på med i byrjinga.

På lydjusteringa valte me også å tinge eit nytt apparat frå Phonak som er komen på marknaden. Versáta heiter det og det skal verte spanande å freiste det. Det er då tale om eit digitalt apparat og ikkje analogt slik eg har no. Det vil med andre ord finjustere lyden meir mellom anna ved å ta høgde for diskant og bass. Er i utganspunktet skeptisk (som ein jo alltid bør vere), men ser fram til å teste det.

Eg nyttar framleis begge øyrene (CI på venstre og analogt høyreapparat på høgre), men eg har nok kome til eit punkt der balansen kanskje har tippa noko over på venstre side. I motsetning til tidlegare der eg lett CIen dure på av seg sjølv, er eg nok noko meir aktiv på venstre side no, medan høgre sida er i ferd med å verte den "dårlege" sida.

Jamvel om mykje har betra seg for min del so er det ikkje slik at me kan tale om ei fullstendig forbetring (det er då heller ikkje mogleg). Framleis er det vanskeleg å få med seg kva som vert sagt på fest og andre arrangement med mykje "cocktailstøy". I og med at eg er høvesvis nybakt far so er ikkje fest (og andre arrangement) so relevant for mitt vedkommane lenger, men det er no uansett ei påminning om at teknologien ikkje kan løyse alt.

Sidan det går mot jul og nyttår er det gjerne vanleg å oppsumere året som er gått. Me kan utan tvil slå fast at året 2009 har vore det som Rokkan og Lipset kalla for critical juncture. Det er no 8 månader sidan operasjonen og 7 månader sidan lydtilkopling. Personleg tykkjer eg tida har gått rasande fort, og eg tykkjer også at tilvenninga til CI har gått fort. Slik er det ikkje for alle. På eit "midtvegsseminar" med andre CI opererte, på Haukeland, var det nokre som ikkje følte at dei hadde fått so god utbytte, medan den store majoriteten hadde fått mykje godt ut av CIen. Det er difor, som eg har skrive so mange gonger før, store individuelle skilnader.

Kva meir har eg so fått ut av CI utover auka og noko forbetra lyd? Somme (i alle fall ein) påpeika at eg hadde fått betre diksjon. Bilsamtalar går no også betre, so framt dei ikkje er for avanserte. Politisk teori er med andre ord vanskeleg å drøfte i bilen, medan drøftingar kring ulike middagsalternativer er enklare. Ellers er det berre å seie at Ci er ein "naturleg" del av kvardagen, som eg no kanskje ikkje heftar so mange tankar kring lenger. CIen har vorte kvardagsleggjort og eg set batteria på lading kvar kveld før eg gjeng og legg meg, og puttar apparatet i reinseboksen kvar sundag kveld.

Og fint er no det.

onsdag 30. september 2009

Eg ein Cyborg?

Eg ser at eg ikkje har gjort utførleg greie for val av namn for bloggen min. Namnet spelar på det faktum at eg er per definisjon er ein kybernetisk organisme. Omgrepet omfattar levande organismar som har eit kunstig system innabords (og for so vidt også utanbords). I prinsippet inkluderer dette også personar som nyttar briller og protese.

Eg trur likevel at dersom cyborg-omgrepet skal vere meiningsfullt so må ein skilje litt mellom appelsinar og eple her. Eg trur den jamne lesar av Cyborgaren er samd i den ikkje so alt for dristige påstanden om at det er ein skilnad mellom ein brillebrukar og ein CI-brukar. Eller som historikaren Jens Arup Seip so treffande formulerte: "Det er forskjell på ørn og høns selv om begge tilhører fuglearten".

Hollywood er sjeldan ei god kjelde til omgrepsavklåring, og bruken av cyborg-omgrepet er heller ikkje noko unntak. Det beste døme på slurvete omgrepsbruk er nok The Terminator som er framstilt i fleire filmar og ein tv-serie. Her vert Terminatorane ofte framstilt som cyborgar, men det er dei slettes ikkje. Terminatorane er maskiner som er drapert i menneskehud og har eit menneskeleg ytre. Det er sant at det dynamiske og spanande når det gjeld terminatorane er kor vidt dei er i stand til å reflektere og fatte moralske avgjersle. Altso evna skilje mellom gode og dårlege avgjersler basert på moralske vurderingar og eit eige samvit. Det er jo dette som er sjølve kjerna i fascinasjonen for robotar. Isac Asimov sine tre lover for robotar er eit døme på dette.

Maskin


Likevel terminatorar og robotar er bygd av mennesker og er soleis korkje organiske individ eller kybernetiske organismar. Eit døme frå Holloywood som tilfredstillar definisjonen på ein cyborg er derimot Robocop. Her har me å gjere med eit menneske, rett nok avliden, som har vorte samansveisa med maskiner og mekaniske innretningar.

Cyborg



Det som er interessant med drøftinga kring cyborg-omgrepet er kor me skal vurdere menneskeleg vilje i alt dette her. For å nytte pacemaker som eit døme. Dette er ei mekanisk innretning som hjelper hjartet med å slå. Men det er ikkje menneskeleg vilje som får hjartet til å slå. Me kan rett nok auke eller synke takta gjennom fysisk aktivitet eller kvile, men me kan ikkje bestemme korleis hjarte skal slå. Spørsmålet er då om CI og høyreapparat stiller seg likeeins? Og her er me ved saka si kjerne. Eg kan langt på veg velje å høyre eller ikkje høyre lydar. Eg kan aktivt freiste å høyre etter ein bestemt lyd eller eg kan aktivt la vere. Vidare so er sanseinntrykka også veldig erfaringsbasert. Det fekk eg verkeleg erfare i den fyrste tida etter CIen. Når du har høyrt rennande vatn frå springen og knitring med plastposar ein del gonger so skjønar du etter kvart, med mindre ein er ekstremt likegyldig og lat, skilnaden på desse lydane. Dette leiar meg til å tru at omgrepet cyborg må på ein eller annan måte også inkludere eit menneskleg aspekt, der viljen spelar ei rolle.

På den andre sida, so er det likevel apparatet og då særskilt softwaren i apparatet som justerer og tolkar lydbilete for meg. Eg totalt avhengig av implantatet på innsida og apparatet på utsida for å kunne høyre noko som helst. Det opnar jo for vidare og kontrafaktiske spekulasjonar: kva om eg hadde valt ein annan produsent? Kva om lydinnstillinga hadde vore litt annleis? Ville eg høyrt betre eller dårlegare?

Eg må seie at det er uhorveleg interessant å leve i skjeringspunktet mellom maskin og fri vilje. Utfordrande ja, men du verda so spanande!

søndag 6. september 2009

- Korleis går med dette nye apparatet ditt?

Det er lenge sidan siste oppdatering no. Endringar i heimen, med familieutviding, må nok seiast å vere hovudårsaka til det (fantastisk morosamt og tidvis slitsamt får vere oppsummeringa so langt). Innimellom byssing og bleieskift vert det også tid til arbeid og sjeldne men kjærkomne sosialiseringar med omverda. Då er det gjerne ein del som lurer på korleis det går med det nye apparatet mitt. Svara eg gjev varierer nok, men eg har freista å vere konsistent.

For det fyrste, dersom eg er pirkete og kverulant, so påpeikar eg gjerne at det er tale om noko meir enn berre eitt apparat. Rett skal vere rett: eg har ikkje påpeika dette i særskilt grad før no, men eg kjem kanskje til å gjere det i framtida.

For det andre, og her kjem me til mitt standardsvar til no, so kjem eg med fylgjande påstand: eg har oppnådd mykje kvantitativt men ikkje fullt so mykje kvalitativt. Dette krev sjølvklårt ei utdjuping som eg her skal freiste å legge fram.

Den kvantitative auken er ganske lett å forklare, eg høyrer rett og slett meir med CI enn med eit analogt akustisk høyreapparat. Den jamne lesar av Cyborgaren bør no (vonleg) ha klart føre seg kva som skil ein elektrisk forsterkning av lyd kontra ein akustisk forsterkning av lyd. For å ta eit nærliggande døme, min vesle son Balder (ca 2 månader). Denne karen lagar ei heil mengd med lydar som mitt gamle apparat ikkje er i stand til å fange opp. Det vere seg smattelydar medan han syg mjølk eller små gryntelydar medan han søv. Her om dagen var også radioen skrudd på med lågt volum, også her høyrte eg dette godt med CI men ikkje i det heile teke med det analoge høyreapparatet.

Alt dette er jo sjølvklårt vel og bra, men eg føler samstundes at me kvalitativt sett ikkje er heilt i "mål". Det vil seie, me vil nok aldri kome i mål, men me er i alle fall ikkje på høgd med det som eg oppfattar som god lyd. Lyden som kjem ut (eller strengt teke inn) frå CI høyrest tidvis ut som eit litt dårleg analogt høyreapparat. Mi eiga røyst høyrest tidvis litt rar ut, men dette har på ein måte felle litt på plass no.

Her det verdt å stogge litt opp og reflektere litt over kva me eigentleg nyttar som samanlikningsgrunnlag. Er det rett og rimeleg å samanlikne lyden frå CIen med lyden som eg har hatt i 25 år frå det analoge apparatet? Det blir litt som i demokratiseringsperioden i Austeuropa etter at Berlinmuren fall. Fylt av spaning og undring går tapre, og mindre tapre, austeuropearar inn i ei ny tid på byrjinga av 90-talet med ei von om betre levekår og demokrati. Dette slo ikkje til for mange. "Ting var betre før" seier ein kanskje? Men det er rett og rimeleg å samanlikne slik? Ting skal jo ikkje vere som før, men det skal no vonleg vere betre. Utan samanlikning for øvrig so trur eg at eg har eit betre utgangspunkt enn det mange austeuropear hadde. Eg er også ein ung mann på mange måtar. Det er trass alt berre 5 månader sidan eg opererte og i underkant av 4 månadar sidan lyden har komen på.

Avslutningsvis so er det også verdt og nemne at omgrepsparet kvalitativ og kvantitativ høyrsle kan vere noko misvisande (i beste fall er omgrepsparet eit pedagogisk verkty for å illustrere situasjonen). For dersom det er slik at eg høyrer meir, so må jo det også bety at høyrsla har vorte kvalitativt sett betre i og med at eg høyrer fleire frekvensar enn før. Med andre ord det eg oppfattar som ein kvantitativ auke er eigentleg ein kvalitativ auke. Nei det skal ikkje vere lett dette. No lyt eg avslutte før eg rotar meg ut på eit høgare abstraksjonsnivå, dessutan må eg ta ei bleie her...