mandag 14. februar 2011

CI er fantastisk...kjedeleg

Eg konstaterer at det er meir enn eitt år sidan førre innlegg. Dette understrekar fleire ting. Fyrst og fremst at kvardagssituasjonen min ikkje gjev rom for blogging, og at eg prioritetar andre ting som til dømes oppdraging av den neste generasjonen (eller min son om du vil). Eg har forstått det slik at det å nytte ansvar for små barn som grunngjeving for både det eine (til dømes fråvær av blogging) og det andre (til dømes å nytte bil som pendlingsfarkost) er den mest legitime grunngjevinga som finst no til dags.

Det likevel to andre grunnleggande årsaker til kvifor det ikkje har vorte noko meir blogging:

1. Den fyrste årsaka kan best forklarast med å nytte Den norske Nationalforening mot Tuberkulosen som døme. Denne organisasjonen vart stifta i 1910, og ein får ingen premie for å gisse at kampen mot tuberkulose stod høgt på agendaen her. Etter 2.verdskrig var denne sjukdomen så og seie utrydda i Noreg. Dermed var grunnlaget for organisasjonen mot tuberkulosen ikkje lenger stades. I staden for å legge ned organisasjonen fann ein ut at ein kunne omdefinere organisasjonen sitt siktemål. Jamvel om tuberkulose er utrydda så vil jo Nordmenn alltid ha (problem med) helse! Dermed vart organisasjonen omdøypt til Nasjonalforeningen for folkehelsen. Her er det på sin plass å kome i hug Frank Aarebrot si oppsummering av forelesinga der han tok opp det overnemnte døme: organisasjonar er i motsetnad til individ mindre tilbøyeleg til å begå sjølvmord.

Denne omdefineringa ala Den Norske Nationalforening mot Tuberkulosen har altså Cyborgaren ikkje gjort. Eg kunne ha omdefinert bloggen til å gjelde generelle tankar og idear knytt til nye kybernetiske livsformer, teknologi osv. Eg kunne byrja å skrive om kva eg hadde på skiva til frukost (ei skive med blåbærsyltetøy og ei skive med servelat), eg kunne skrive om politikk (vil Noreg nokon gang verte medlem av EU?) men eg har valt å ikkje gjere. Eg nyttar i denne samanheng den mest legitime fråværsgrunngjevinga i dagens samfunn (sjå ovanfor).

2. Den andre årsaka til fråvær av blogging er at CIen rett og slett fungerer som den skal. Eg høyrer uendeleg mykje betre enn eg gjorde før operasjonen. Men eg har (nesten) slutta å late meg fascinere over teknologien og nye lydar. Eg må ikkje klype meg i armen for å finne ut om dette er draum eller røyndom (kven er det som gjer det eigentleg?). Visst er det mykje "styr" med CI, batteri som skal ladast kvar einaste dag, apparat som skal reinast kvar sjuande dag, men alt dette er rutineprega styr som ein lett finn ei god rytme på. Det er framleis vanskeleg å høyre kva som verte sagt i festlege lag, det er slitsamt å delta på konferansar med lite tilrettelegging for folk med nedsett høyrsel.

Kort og godt: Eg er framleis tunghøyrt, men eg er langt mindre tunghøyrt enn det eg ein gong var.

Det blir vonleg lenge igjen til neste innlegg på denne bloggen.

Ha ei framifrå tid framover!

2 kommentarer:

  1. ...og atter en gang et godt blogginnlegg. Stå på Bjarte ! Synd at du, meir eller mindre, legg bloggen din på hylla, men samtidig bra at det ikkje er mykje å blogge om. Kanskje du skal starte en ny blogg? Ta om kampen med rosa-bloggerane, kanskje? Det bør du kanskje vurdere, for din leik med det nynorske språket er både friskt og artigt å lese.

    SvarSlett
  2. Takk for det Stian! Eg skal nok ikkje gje meg heilt. Framhald vil nok fylgje. Eg er dessutan heilt samd med deg i at det nynorske språket gjev rom for å leike seg.

    SvarSlett