onsdag 30. september 2009

Eg ein Cyborg?

Eg ser at eg ikkje har gjort utførleg greie for val av namn for bloggen min. Namnet spelar på det faktum at eg er per definisjon er ein kybernetisk organisme. Omgrepet omfattar levande organismar som har eit kunstig system innabords (og for so vidt også utanbords). I prinsippet inkluderer dette også personar som nyttar briller og protese.

Eg trur likevel at dersom cyborg-omgrepet skal vere meiningsfullt so må ein skilje litt mellom appelsinar og eple her. Eg trur den jamne lesar av Cyborgaren er samd i den ikkje so alt for dristige påstanden om at det er ein skilnad mellom ein brillebrukar og ein CI-brukar. Eller som historikaren Jens Arup Seip so treffande formulerte: "Det er forskjell på ørn og høns selv om begge tilhører fuglearten".

Hollywood er sjeldan ei god kjelde til omgrepsavklåring, og bruken av cyborg-omgrepet er heller ikkje noko unntak. Det beste døme på slurvete omgrepsbruk er nok The Terminator som er framstilt i fleire filmar og ein tv-serie. Her vert Terminatorane ofte framstilt som cyborgar, men det er dei slettes ikkje. Terminatorane er maskiner som er drapert i menneskehud og har eit menneskeleg ytre. Det er sant at det dynamiske og spanande når det gjeld terminatorane er kor vidt dei er i stand til å reflektere og fatte moralske avgjersle. Altso evna skilje mellom gode og dårlege avgjersler basert på moralske vurderingar og eit eige samvit. Det er jo dette som er sjølve kjerna i fascinasjonen for robotar. Isac Asimov sine tre lover for robotar er eit døme på dette.

Maskin


Likevel terminatorar og robotar er bygd av mennesker og er soleis korkje organiske individ eller kybernetiske organismar. Eit døme frå Holloywood som tilfredstillar definisjonen på ein cyborg er derimot Robocop. Her har me å gjere med eit menneske, rett nok avliden, som har vorte samansveisa med maskiner og mekaniske innretningar.

Cyborg



Det som er interessant med drøftinga kring cyborg-omgrepet er kor me skal vurdere menneskeleg vilje i alt dette her. For å nytte pacemaker som eit døme. Dette er ei mekanisk innretning som hjelper hjartet med å slå. Men det er ikkje menneskeleg vilje som får hjartet til å slå. Me kan rett nok auke eller synke takta gjennom fysisk aktivitet eller kvile, men me kan ikkje bestemme korleis hjarte skal slå. Spørsmålet er då om CI og høyreapparat stiller seg likeeins? Og her er me ved saka si kjerne. Eg kan langt på veg velje å høyre eller ikkje høyre lydar. Eg kan aktivt freiste å høyre etter ein bestemt lyd eller eg kan aktivt la vere. Vidare so er sanseinntrykka også veldig erfaringsbasert. Det fekk eg verkeleg erfare i den fyrste tida etter CIen. Når du har høyrt rennande vatn frå springen og knitring med plastposar ein del gonger so skjønar du etter kvart, med mindre ein er ekstremt likegyldig og lat, skilnaden på desse lydane. Dette leiar meg til å tru at omgrepet cyborg må på ein eller annan måte også inkludere eit menneskleg aspekt, der viljen spelar ei rolle.

På den andre sida, so er det likevel apparatet og då særskilt softwaren i apparatet som justerer og tolkar lydbilete for meg. Eg totalt avhengig av implantatet på innsida og apparatet på utsida for å kunne høyre noko som helst. Det opnar jo for vidare og kontrafaktiske spekulasjonar: kva om eg hadde valt ein annan produsent? Kva om lydinnstillinga hadde vore litt annleis? Ville eg høyrt betre eller dårlegare?

Eg må seie at det er uhorveleg interessant å leve i skjeringspunktet mellom maskin og fri vilje. Utfordrande ja, men du verda so spanande!

søndag 6. september 2009

- Korleis går med dette nye apparatet ditt?

Det er lenge sidan siste oppdatering no. Endringar i heimen, med familieutviding, må nok seiast å vere hovudårsaka til det (fantastisk morosamt og tidvis slitsamt får vere oppsummeringa so langt). Innimellom byssing og bleieskift vert det også tid til arbeid og sjeldne men kjærkomne sosialiseringar med omverda. Då er det gjerne ein del som lurer på korleis det går med det nye apparatet mitt. Svara eg gjev varierer nok, men eg har freista å vere konsistent.

For det fyrste, dersom eg er pirkete og kverulant, so påpeikar eg gjerne at det er tale om noko meir enn berre eitt apparat. Rett skal vere rett: eg har ikkje påpeika dette i særskilt grad før no, men eg kjem kanskje til å gjere det i framtida.

For det andre, og her kjem me til mitt standardsvar til no, so kjem eg med fylgjande påstand: eg har oppnådd mykje kvantitativt men ikkje fullt so mykje kvalitativt. Dette krev sjølvklårt ei utdjuping som eg her skal freiste å legge fram.

Den kvantitative auken er ganske lett å forklare, eg høyrer rett og slett meir med CI enn med eit analogt akustisk høyreapparat. Den jamne lesar av Cyborgaren bør no (vonleg) ha klart føre seg kva som skil ein elektrisk forsterkning av lyd kontra ein akustisk forsterkning av lyd. For å ta eit nærliggande døme, min vesle son Balder (ca 2 månader). Denne karen lagar ei heil mengd med lydar som mitt gamle apparat ikkje er i stand til å fange opp. Det vere seg smattelydar medan han syg mjølk eller små gryntelydar medan han søv. Her om dagen var også radioen skrudd på med lågt volum, også her høyrte eg dette godt med CI men ikkje i det heile teke med det analoge høyreapparatet.

Alt dette er jo sjølvklårt vel og bra, men eg føler samstundes at me kvalitativt sett ikkje er heilt i "mål". Det vil seie, me vil nok aldri kome i mål, men me er i alle fall ikkje på høgd med det som eg oppfattar som god lyd. Lyden som kjem ut (eller strengt teke inn) frå CI høyrest tidvis ut som eit litt dårleg analogt høyreapparat. Mi eiga røyst høyrest tidvis litt rar ut, men dette har på ein måte felle litt på plass no.

Her det verdt å stogge litt opp og reflektere litt over kva me eigentleg nyttar som samanlikningsgrunnlag. Er det rett og rimeleg å samanlikne lyden frå CIen med lyden som eg har hatt i 25 år frå det analoge apparatet? Det blir litt som i demokratiseringsperioden i Austeuropa etter at Berlinmuren fall. Fylt av spaning og undring går tapre, og mindre tapre, austeuropearar inn i ei ny tid på byrjinga av 90-talet med ei von om betre levekår og demokrati. Dette slo ikkje til for mange. "Ting var betre før" seier ein kanskje? Men det er rett og rimeleg å samanlikne slik? Ting skal jo ikkje vere som før, men det skal no vonleg vere betre. Utan samanlikning for øvrig so trur eg at eg har eit betre utgangspunkt enn det mange austeuropear hadde. Eg er også ein ung mann på mange måtar. Det er trass alt berre 5 månader sidan eg opererte og i underkant av 4 månadar sidan lyden har komen på.

Avslutningsvis so er det også verdt og nemne at omgrepsparet kvalitativ og kvantitativ høyrsle kan vere noko misvisande (i beste fall er omgrepsparet eit pedagogisk verkty for å illustrere situasjonen). For dersom det er slik at eg høyrer meir, so må jo det også bety at høyrsla har vorte kvalitativt sett betre i og med at eg høyrer fleire frekvensar enn før. Med andre ord det eg oppfattar som ein kvantitativ auke er eigentleg ein kvalitativ auke. Nei det skal ikkje vere lett dette. No lyt eg avslutte før eg rotar meg ut på eit høgare abstraksjonsnivå, dessutan må eg ta ei bleie her...