onsdag 17. juni 2009

Tre lykelord for CI-opererte: tolmod, tolmod og tolmod

Lite oppdatering i det siste no. Dette er mest grunna at det er lite å skrive heim om. Eg har kanskje vore litt lat i det siste og ikkje hatt so mykje fokus på kva føremoner CI bringer med seg. Til mitt forsvar kan eg trøyste meg med at dette tar tid og at det vil verte betre på sikt. På den andre sida så seier kritikaren i meg at ingenting kjem gratis: eg må vere meir aktiv, om det no vil seie å springe på Løvstakken og lytte etter gauken, eller setje meg ned å høyre på lydbøker og so bortetter.

Når eg no likevel sett meg ned og reflekterer so trur eg at det er framgang å spore (nokre vil kalle det ynskjetenkjing, andre reflektert attendesjåing). Som nemnt i førre post so skulle eg på the Boss på Koengen. Konserten var, som media samstemt meldte: framifrå! Kanskje hadde lydteknikaren ein betre dag på jobben enn då eg var på KISS-konsert i fjor, men eg meiner bestemt at lydopplevinga var merkbart betre denne gong for meg personleg.

Medan eg køyrte heim i går so høyrte eg på NRK P1 kveldsopent. Der var Professor Gunnar Grendestad frå Sampol med ei sak om ettermæla åt norske statsministrar (dette er veldig interessant og eg anbefaler på det sterkaste å høyre dette innslaget som de finn her. Eventuelt so kan de lese om det her: http://www.uib.no/form/nyheter/2009/06/slik-blir-du-ein-stor-statsminister).

Det som var artig å oppdage i ettertid var at eg hadde høyrt innslaget so og seie utan det analoge høyreapparatet. Årsaka til at eg seier 'so og seie' er fordi batteriet vart i ferd med å verte utlada. For dei av dykk som ikkje har kjennskap til dette (og det er vel nokre av dykk som ikkje har), so er det slik at batteriet ikkje genererer same lydnivået fram til siste rest. Mot slutten av batteriet si levefase so vert lyden svakare og svakare. Dermed tek det gjerne litt tid før ein merkar at batteriet er i ferd med å verte utlada og at ein ikkje høyrer noko eller særs lite på eine øyret. Dette gjeld særskilt dersom ein har eit apparat på det andre øyret. So der sat eg i bilen og fekk med meg klårt og tydleg at det er lengda på statsministerperioden og kor god økonomien i landet er som er avgjerande for ein statsminister sitt ettermæle, og det fekk eg med meg so og seie kun på CIen.

Me noterer oss med andre ord ein aldri so liten siger for CIen, men vegen verkar framleis lang og buktete (for å sitere McCartney). På same tid er eg optimistisk med tanke på framtida. Medan eg sit og skriv dette no er Dagsrevyen på i bakgrunnen. Eg sit med ryggen til tv'en og snappar opp nokre setningar her og der. No er eg ganske sikker på at sunnmøringen Knut Magnus Berge hadde ein reportasje om Zimbabwe sin statsminister Morgan Tsvangirai, han avslutta med å seie noko slikt som: "Men framleis er det ein lang veg igjen for Tsvangirai og Zimbabwe". Dette skal eg sjekke opp etterpå om eg høyrte rett.

I morgon reiser eg på doktorgradsseminar saman med andre stipendiatar frå Sampol. Det vert spanande å få testa ut CI i ein slik seminarsamanheng.

onsdag 3. juni 2009

Attende på jobb

Etter seks veker med sjukemelding er det godt å vere attende på kontoret og halde fram med forskinga. Frå kva eg har lese andre stadar (til dømes her) so er dette ei normal sjukmeldingslengde. Somme må kanskje ha meir, men for meg var det passeleg.

Fisketuren i pinsehelga var ein kjempesuksess, jamvel om totalfangsten ikkje var so mykje å skrive heim om, so var alle samde om at det var ein gild tur. På lydbilete var det fleire ting som slo meg at eg ikkje hadde høyr før:

- lyden av butangass som siv ut av primus (brennande butangass har eg høyrt før)
- flygande gjæs som slår med vengjene i det dei kjem inn for landing
- ørsmå bekkar som sildrar
- klukkande vatn som slår mot stein og land


Ein litt mindre positiv erfaring som slår meg er at med CI berre på eine øyret so vert lyden veldig retningsbestemt. Med andre ord det er lagt til rette for eit høyrande liv i mono, ikkje stereo. Dette kan sjølvklårt endrast på med ein ytterlegare CI-operasjon på høgre øyre, men det ligg ikkje i korta førebels.

Vel attende på jobb kan eg ikkje seie at eg har høyrt so mykje nytt, men ei erfaring har eg gjort meg: CIen må/bør vere aktiv for at utbyttet skal verte best mogleg. Som forskande stipendiat er lyden av tastaturet og vending av boksider dei få lydkjeldene på kontoret. Dette gjer at dersom eg plutseleg får ein telefon eller nokon kjem inn på kontoret so treng eg litt tid på å "igangstarte" øyret. Det ligg dermed til rette for meir bruk av radio/ mp3spelar på kontoret. Alternativt kan eg prate med meg sjølv.

I morgon skal The Boss spele på Koengen. Eg stiller sjølvklårt med CI og vonar at sjefen sjølv og verdas beste bar-band er i form.