onsdag 3. juni 2009

Attende på jobb

Etter seks veker med sjukemelding er det godt å vere attende på kontoret og halde fram med forskinga. Frå kva eg har lese andre stadar (til dømes her) so er dette ei normal sjukmeldingslengde. Somme må kanskje ha meir, men for meg var det passeleg.

Fisketuren i pinsehelga var ein kjempesuksess, jamvel om totalfangsten ikkje var so mykje å skrive heim om, so var alle samde om at det var ein gild tur. På lydbilete var det fleire ting som slo meg at eg ikkje hadde høyr før:

- lyden av butangass som siv ut av primus (brennande butangass har eg høyrt før)
- flygande gjæs som slår med vengjene i det dei kjem inn for landing
- ørsmå bekkar som sildrar
- klukkande vatn som slår mot stein og land


Ein litt mindre positiv erfaring som slår meg er at med CI berre på eine øyret so vert lyden veldig retningsbestemt. Med andre ord det er lagt til rette for eit høyrande liv i mono, ikkje stereo. Dette kan sjølvklårt endrast på med ein ytterlegare CI-operasjon på høgre øyre, men det ligg ikkje i korta førebels.

Vel attende på jobb kan eg ikkje seie at eg har høyrt so mykje nytt, men ei erfaring har eg gjort meg: CIen må/bør vere aktiv for at utbyttet skal verte best mogleg. Som forskande stipendiat er lyden av tastaturet og vending av boksider dei få lydkjeldene på kontoret. Dette gjer at dersom eg plutseleg får ein telefon eller nokon kjem inn på kontoret so treng eg litt tid på å "igangstarte" øyret. Det ligg dermed til rette for meir bruk av radio/ mp3spelar på kontoret. Alternativt kan eg prate med meg sjølv.

I morgon skal The Boss spele på Koengen. Eg stiller sjølvklårt med CI og vonar at sjefen sjølv og verdas beste bar-band er i form.

2 kommentarer:

  1. korleis var det på koengen då?
    -anders

    SvarSlett
  2. Det var heilt fantastisk! I tillegg so var lyden god, og eg meiner bestemt at eg oppfatta meir lyd denne gongen enn samanlikna med fjorårets stadionkonsert med KISS.

    SvarSlett