søndag 6. september 2009

- Korleis går med dette nye apparatet ditt?

Det er lenge sidan siste oppdatering no. Endringar i heimen, med familieutviding, må nok seiast å vere hovudårsaka til det (fantastisk morosamt og tidvis slitsamt får vere oppsummeringa so langt). Innimellom byssing og bleieskift vert det også tid til arbeid og sjeldne men kjærkomne sosialiseringar med omverda. Då er det gjerne ein del som lurer på korleis det går med det nye apparatet mitt. Svara eg gjev varierer nok, men eg har freista å vere konsistent.

For det fyrste, dersom eg er pirkete og kverulant, so påpeikar eg gjerne at det er tale om noko meir enn berre eitt apparat. Rett skal vere rett: eg har ikkje påpeika dette i særskilt grad før no, men eg kjem kanskje til å gjere det i framtida.

For det andre, og her kjem me til mitt standardsvar til no, so kjem eg med fylgjande påstand: eg har oppnådd mykje kvantitativt men ikkje fullt so mykje kvalitativt. Dette krev sjølvklårt ei utdjuping som eg her skal freiste å legge fram.

Den kvantitative auken er ganske lett å forklare, eg høyrer rett og slett meir med CI enn med eit analogt akustisk høyreapparat. Den jamne lesar av Cyborgaren bør no (vonleg) ha klart føre seg kva som skil ein elektrisk forsterkning av lyd kontra ein akustisk forsterkning av lyd. For å ta eit nærliggande døme, min vesle son Balder (ca 2 månader). Denne karen lagar ei heil mengd med lydar som mitt gamle apparat ikkje er i stand til å fange opp. Det vere seg smattelydar medan han syg mjølk eller små gryntelydar medan han søv. Her om dagen var også radioen skrudd på med lågt volum, også her høyrte eg dette godt med CI men ikkje i det heile teke med det analoge høyreapparatet.

Alt dette er jo sjølvklårt vel og bra, men eg føler samstundes at me kvalitativt sett ikkje er heilt i "mål". Det vil seie, me vil nok aldri kome i mål, men me er i alle fall ikkje på høgd med det som eg oppfattar som god lyd. Lyden som kjem ut (eller strengt teke inn) frå CI høyrest tidvis ut som eit litt dårleg analogt høyreapparat. Mi eiga røyst høyrest tidvis litt rar ut, men dette har på ein måte felle litt på plass no.

Her det verdt å stogge litt opp og reflektere litt over kva me eigentleg nyttar som samanlikningsgrunnlag. Er det rett og rimeleg å samanlikne lyden frå CIen med lyden som eg har hatt i 25 år frå det analoge apparatet? Det blir litt som i demokratiseringsperioden i Austeuropa etter at Berlinmuren fall. Fylt av spaning og undring går tapre, og mindre tapre, austeuropearar inn i ei ny tid på byrjinga av 90-talet med ei von om betre levekår og demokrati. Dette slo ikkje til for mange. "Ting var betre før" seier ein kanskje? Men det er rett og rimeleg å samanlikne slik? Ting skal jo ikkje vere som før, men det skal no vonleg vere betre. Utan samanlikning for øvrig so trur eg at eg har eit betre utgangspunkt enn det mange austeuropear hadde. Eg er også ein ung mann på mange måtar. Det er trass alt berre 5 månader sidan eg opererte og i underkant av 4 månadar sidan lyden har komen på.

Avslutningsvis so er det også verdt og nemne at omgrepsparet kvalitativ og kvantitativ høyrsle kan vere noko misvisande (i beste fall er omgrepsparet eit pedagogisk verkty for å illustrere situasjonen). For dersom det er slik at eg høyrer meir, so må jo det også bety at høyrsla har vorte kvalitativt sett betre i og med at eg høyrer fleire frekvensar enn før. Med andre ord det eg oppfattar som ein kvantitativ auke er eigentleg ein kvalitativ auke. Nei det skal ikkje vere lett dette. No lyt eg avslutte før eg rotar meg ut på eit høgare abstraksjonsnivå, dessutan må eg ta ei bleie her...

2 kommentarer:

  1. Har sagt det før, og kjem til å sei det fleire ganga. Veldig interessant lesing og tidvis ganske moro og. Stå på Bjarte...

    SvarSlett